Skule, kultur og næring

VIDAREGÅANDE SKULE

  • Den vidaregåande skulen må styrkast både når det gjeld kompetanse og økonomi
  • Auka vekt på fagleg kvalitet og struktur i skulen
  • Satsing på eit desentralisert skuletilbod er særleg viktig for dei yngste elevane
  • Arbeide for eit meir tenleg skuleskysstilbod
  • Styrke kompetanseheving og etterutdanning for lærarar
  • Arbeide for eit betre samarbeid mellom utdanning og næringsliv
  • Styrke dei marine og maritime utdanningsmiljøa
  • Nynorsk- og bokmålselevar skal ha same tilbod
  • Nybyggingsprosjekta i Fosnavåg og Ålesund skal prioriterast
  • Helsetilbodet til elevane må styrkast, særleg innan mental helse

KULTUR OG IDRETT:
    • Dei demokratiske grunnverdiane og likestilling må styrkast på alle plan
    • Rettferdig fordeling av kulturmidlane i fylkeskommunen – noko som ikkje skjer i dag
    • Vår nasjonale kulturarv må vernast, med kystkulturen som sentral på Sunnmøre
    • Stimulere det frivillige dugnadsarbeidet
    • Vi vil styrke barne- og ungdomsidretten sine rammevilkår i ei tid med auka kostnader
    • Vi vil legge til rette for å forhindre utanforskap for barn og unge innan kultur og idrett
    • Gode økonomiske rammer for musea og dei ulike spela i distriktet
    • Korpsbevegelsen, musikkterapi og frivillig musikkliv må får gode tilhøve

NÆRINGSLIV

    • Støtte til nødvendig omstilling og utvikling – innovasjon er framtida
    • Hjelp til å rydde vekk unødvendige byråkratiske hinder og irritasjon
    • Digitalisering av både offentlege og private støttefunksjonar
    • Fylkeskommunen bør styrke stimuleringa av nysatsing
    • Reiseliv og cruiseturisme må framleis vere eit prioritert satsingsområde, med ein tydeleg miljøprofil