Det har i alle år vore snakka om tre fogderier i Møre og Romsdal: Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre. Mange innen fylkeskommunen sin politikk og administrasjon meiner at denne tredelinga også skal delast på tre like delar. Sunnmørslista har gjennom alle år påpeikt denne urettferdige fordelinga, nesten som sitt hovedargument for å delta i fylkespolitikken.
Fakta per i dag er at Sunnmøre si befolkning utgjør heile 56 prosent av fylket si totale befolkning, mens Romsdal har vel 20 prosent av innbyggarane, Nordmøre litt under 20 prosent.
Når ressursane så skal fordelast innen fylkeskommunen er vi ikkje kravstore når vi meinar at halvparten bør tilfalle Sunnmøre, folket og samfunnslivet her.
Dette er kun snakk om rettferd!