Sunnmørslista sine seks hovudpunkt i valgkampen

Sunnmørslista sine seks hovudpunkt i valgkampen

Sunnmørslista sine kandidatar til fylkestingsvalet i september har følgande seks hovudpunkt i valgkampen:
  • Ja til betre fordeling

Dette går på fordelinga av fylkeskommunen sine ressursar. Sunnmøre utgjør 56 prosent av fylket si befolkning, og vil med rette hevde å ha krav på minst halvparten av dei samla midlane.

  • Nei til Møreaksen

Sunnmørslista har heile tida hevda at Møreaksen er eit Molde-prosjekt, og tilsnikinga ved å utvide dette begrepet til å favne heile distansen mellom Molde og Breivika gjør ikkje saken noko betre. Å bruke mange titalls milliardar til enorme undersjøiske tunnelar og ei bro med gedigne dimensjonar, er rett og slett feil bruk av samfunnet sin felles pengesekk. Det er andre prosjekt innan samferdselsektoren som bør prioriterast.

  • Ja til Eksportvegen

Eksportvegen E136 frå Ålesund til Dombås er hovedpulsåra til og frå Nordvestlandet, herunder ikkje minst Sunnmøre og Ålesund. Her går hundrevis av store vogntog dagleg, på vegar som det er all grunn til å oppgradere. Dette prosjektet er det aller viktigste for folk og næringsliv hos oss, men har nokon stader ein standard som er langt under det akseptable. Desse bør derfor utbetrast raskt!

  • Nei til kutt i skulen

Dei videregåande skulane i Møre og Romsdal skårar høgt på landsplan når ulike variantar av kvalitet blir fortløpende vurdert. Men midlene som blir brukt på denne viktige sektoren står nå under press, og det er ikkje her fylkeskommunen bør spare på kronene i den kommende fireårsperioden.

  • Ja til sykehusutbygging

Fylket sitt viktigaste hus er sjukehuset på Åse – det som er vedtatt skal vere det fremste sjukehuset. Sunnmørslista brukar gjerne betegnelsen Sentralsjukehuset i Møre og Romsdal. Planane som no føreligg for nybygg og oppgradering er livsviktige å få gjennomført. Det er no eit halvt århundre sidan etableringa på Åse, og her må det tas eit krafttak for å følge med på utviklinga.

  • Nei til fylkeskommuna

Sunnmørslista har i alle år argumentert for at fylkeskommunen som forvaltningsnivå nummer tre er unødvendig. Det holder med stat og kommuner! De to hovudoppgåvene vidaregåande skule og samferdsel kan enkelt fordelast på nettopp kommune og stat. Vi treng ikkje eit unødvendig stort byråkrati på Molde! Men så lenge fylkeskommunen består, vil vi delta for å vere «vaktbikkje» for folk og samfunnsliv, spesielt på Sunnmøre.

Bildetekst: Dei seks fremste fylkestingskandidatane for Sunnmørslista Tverrpolitisk liste for Sunnmøre:

Foran frå venstre: Irene Årsnes, Skodje, Hans Kjetil Knutsen, Ålesund og Inger Johanne Tafjord, Eidsdal.

Bak: Matilde T. Rødhammer, Volda, Arne Almås, Ålesund og Vegard Riise Eikrem, Sula.

Relaterte nyheter